Hopp til innhold

Ingen meldingar til 110-sentralen

Dei store nedbørsmengdene har ført til overraskande få telefonar til 110-sentralen i Hordaland. Det seier vaktkommandør Sigbjørn Villanger. – Kanskje folk har skjønt at dei må gjera tiltak på si eiga tomt. Nedbørsmengdene har kome i eit såpass jamt sig, at avløp har klart å svelga det unna, seier Villanger. Brannvesenet er mest uroa for skred og ras i innlandet. – I Osterøy, Samnanger, Vaksdal, Voss og Odda har det kome mykje regn, og det kan gå ras og jordskred. Me kryssar fingrane ,seier han. Biletet viser Møllendalselven i Bergen.

Møllendalselven i Bergen tar unna store mengder nedbør
Foto: Arne Frank Solheim / NRK