Hopp til innhold

Ikkje kontroll på grasbrann

Brannmannskapa har ikkje kontroll på grasbrannen ved Lysekloster. Det brenn mellom nokre hytter, og mannskap frå Os er på staden og har starta sløkkearbeidet, seier vaktkommandør Karl-Arne Røyseth ved 110-sentralen. To personar frå ei hytte er evakuert, men det skal ikkje vere fare for spreiing til bygg, ifølgje politiet.