Hopp til innhold

Hardanger får raudt lys

Regjeringa har avgjort kva fargar dei 13 produksjonsområda for oppdrett av laks, aure og regnbogeaure får i 2017. Anlegg i området frå Ryfylke til Stadt vert raude, og får dermed ikkje utvide produksjonen. Årsaka er mellom anna omfanget av lakselus i Hardangerfjorden, som kan skape store konsekvensar for villfisk i regionen.