Hopp til innhold

Har takka nei til nytt Piotr-bod

Brann har avvist eit nytt bod frå den polske klubben Zaglebie Lubin, som forsøker å hente keeperen Piotr Leciejewski, skriv BT. Dette gjer at Leciejewski, som ønsker seg tilbake til heimlandet etter snart sju år i Bergen, kjenner seg svikta. – Alle veit at eg elskar Brann. Eg har vore i Bergen i så mange år. Hjartet mitt vil alltid vere der. Men eg føler meg også svikta av Rune (Soltvedt, sportssjef), etter noko som hende for ei tid tilbake, seier keeperen til avisa. Soltvedt svar at bodet frå den polske klubben er for lågt.

Piotr Leciejewski
Foto: Trond Reidar Teigen / NTB scanpix