Hopp til innhold

Har signert bosnisk midtbanespelar

Amer Ordagic har skrive under ein treårskontrakt med SK Brann. 24-åringen kjem frå Sloboda Tuzla der han var kaptein førre sesong. – Han er ein spanande og offensiv spelar, seier sportssjef Rune Soltvedt i pressemeldinga. Han legg til at Brann er på utkikk etter fleire forsterkingar.

Amer Ordagic og Rune Soltvedt
Foto: BRANN.NO