Hopp til innhold

Framleis mange straumlause

197 husstandar er framleis straumlause i Øygarden, Gulen, Fjell, på Austrheim og Fedje måndag kveld. Snø og is skapte problem for straumlinjene fleire stadar søndag kveld, og BKK opplyser at arbeidet med å reparere feila fortset tysdag.