Hopp til innhold

Fann handgranat hjå verktøytjuvar

To personar i 20-åra er varetektsfengsla i fire veker, mistenkt for eit storinnbrot på ein arbeidsplass ved Voss gymnas natt til første juledag. Politiet har gjort ransakingar i samband med saka, og funne gevær og handgranat hjå verktøytjuvane, skriv BA. Også ein tredje person er mistenkt i saka. – Vi kan ikkje utelukke at fleire mistenkte vil dukke opp under etterforskinga, seier politiførstebetent Håvard Skattum ved Voss lensmannsdistrikt til avisa.