Hopp til innhold

Etterforskar politiet i Bergen

Spesialeininga for politisaker er varsla, etter at politiet i Bergen lét eit TV-team filme eit avhøyr, skriv VG. Teamet frå ITV har følgt Vest politidistrikt sidan i fjor haust for å vise fram politiet sitt arbeid i ein dokumentar på TV2. Hendinga som no skal etterforskast fann stad etter ein større politiaksjon i Bergen i fjor haust, der fleire personar vart arrestert. – Vi etterforskar mogleg brot på tausheitsplikta, seier etterforskingsleiar Ellen Eikeseth Mjøs i Spesialeininga til avisa.

Politihuset i Bergen
Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK