Eldre mann skriven ut av sjukehus
Den 86 år gamle mannen som blei redda opp av sjøen utanfor Knappskog på Sotra i føremiddag, er skriven ut av sjukehuset. Det melder Haukeland tysdag kveld. Mannen var nedkjølt og blei frakta med ambulanse etter at brannmannskap fekk han i land.