Hopp til innhold

Éin skadd etter frontkollisjon

Tre personar sat i dei to bilane som frontkolliderte i Fresviktunnelen på riskveg 13 nord for Tyssedal litt over klokka 16 torsdag. Éin person skal vera skadd, medan to blir omtala som «oppegåande». Dei materielle skadene skal vera store, opplyser vaktkommandør Arne Corneliussen i 110-sentralen i Hordaland.