Hopp til innhold

Ein person skadd i kollisjon

Ei kvinne er skadd etter at to bilar kolliderte på fv. 198 ved Dommedal i Sund. – Ein bil fekk sleng og vart ståande på tvers i vegbana, og ein annan bil krasja inn i denne. Totalt tre personar var involvert. Skadeomfanget til kvinna er førebels ukjend, seier operasjonsleiar Lars Geitle i Vest politidistrikt. Det er opplyst å vere svært glatt på staden. Vegen er framleis stengd, og bilbergar er på veg.