Hopp til innhold

E134 opna for manuell dirigering

E134 ved Kyrping i Etne er opna for manuell dirigering. Europavegen har vore stengd i nesten eit heilt døgn, etter jordraset i går ettermiddag. Geolog har vurdert rasfaren i dag. Det er rydda i eitt felt og trafikken blir dirigert manuelt forbi.