Hopp til innhold

Bussjåfør tiltalt for underslag

Ein bussjåfør i Tide Buss i Bergen er tiltalt for grovt underslag av billettpengar gjennom ei årrekke, skriv BA. Ifølge tiltalen skal mannen i 60-åra ha tuska til seg 118.000 kroner frå 2012 og fram til i fjor vår. Pengane skal vedkommande ha brukt til private formål. Det er uvisst korleis sjåføren stiller seg til tiltalen.