Hopp til innhold

Braut seg inn i snøggbåt i Bergen

Ein mann i 40-åra vart stogga av politiet i morgontimane, med ein stolen sykkel, ein marineuniform og ein del kontantar på seg. Mannen fortalde at han hadde brote seg inn i snøggbåten MS «Admiralen» på Strandkaien. Politiet undersøker båten saman med tilsette frå Norled. Innbrotstjuven er plassert i arresten.