Hopp til innhold

Brannfolk skal overvaka terrenget

Brannvesenet har utplassert fem brannfolk på Gaupåsfjellet fram til tysdag morgon. I tillegg er ei gruppe på ti personar frå Sivilforsvaret stasjonert i terrenget. – Dei vil primært kontrollera at ikkje noko blussar opp, spesielt i ytterkantane, seier vaktkommandør Sigbjørn Villanger ved 110-sentralen. Mannskapet har spylt det fleire hundre kvadratmeter store området måndag kveld.