Hopp til innhold

Born tjuvlånte bil og enda i grøfta

Eit søskenpar kom frå det med mindre kuttskader etter å ha tjuvlånt familiebilen i natt. Medan mor trudde dei sov, enda borna og bilen opp ned i grøfta på E39 i Sveio. Borna er undersøkte av lege, og dei er køyrde heim, fortel operasjonsleiar Helene Strand i Sør-Vest politidistrikt. Dei to kjem ikkje frå Sveio.