Hopp til innhold

Avsluttar søket i Øygarden

Hovudredningssentralen avsluttar no søket ved Tjeldstø i Øygarden, etter at det vart høyrt rop om hjelp frå sjøen. – Vi har søkt i området utan å ha gjort funn. Vi konkluderer med at det truleg ikkje har vore nokon i nød, men at ropet kan ha kome frå eit dyr som er observert på ein holme i nærleiken, seier redningsleiar Jørn Jarle Åmlid ved Hovudredningssentralen.