Hopp til innhold

Arrestert i aksjon mot steinleggarar

To britiske statsborgarar vart tysdag arresterte i Bergen, mistenkt for økonomisk kriminalitet. Pågripinga skjedde i ein felles aksjon i regi av A-krim Hordaland. Politiet åtvarar mot bruk av omreisande handverkarar som ikkje er registrert som næringsdrivande. – Arbeidet er svart og ulovleg. Britane engasjerte vidare rumenske tiggarar på gata for å utføre arbeida, seier Øystein Andersen i A-krim Hordaland.

To britar pågripne i aksjon
Foto: A-krim Hordaland