Hopp til innhold

– Tapar 100 mill. på budsjettet

Byråkratar ved dei ulike byrådsavdelingane har rekna ut at Bergen får eit redusert handlingsrom på vel 100 millionar kroner over neste års budsjett. Det seier finansbyråd Dag Inge Ulstein (KrF) til BA. Regjeringa sitt forslag til statsbudsjettet gir Bergen kommune ei merkbar inntektssvikt, meiner byråden. – Eg veit ikkje kor regjeringa meiner me skal ta pengane frå, seier Ulstein til BA.

Finansbyråd Dag Inge Ulstein legg fram bybudsjettet for 2017
Foto: Sølve Rydland / NRK