Hopp til innhold

– Kom ikkje tilbake etter tur

85-åringen som er sakna på Radøy skulle gå tur i dag tidleg, men kom ikkje heim som normalt. – Det uroa familien, som meldte frå til politiet, fortel operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt. Eit redningshelikopter, to hundepatruljer frå politiet, lokalt brannvesen og dykkarar er med på leitinga, som har utgangspunkt i Hordabø idrettspark.