Hopp til innhold

– Forferdeleg tragisk!

Fiskarar har så langt berre klart å fange rundt ti av dei 50 000 kveitene som tysdag rømte frå eit oppdrettsanlegg på Bømlo. – Dette skal ikkje kunna skje i denne typen anlegg. Det er forferdeleg tragisk, seier dagleg leiar i Tubilah, Jan Ove Morlandstø. Fiskeridirektoratet har onsdag hatt tre personar på rømningsinspeksjon på anlegget.