Hopp til innhold

– Ein meter frå lekkasjen

Berre tilfeldigheiter gjorde at ein lekkasje på Mongstad i sommar ikkje endte i tragedie. Det er konklusjonen i Statoil sin eigen granskingsrapport etter ei gasslekkasje 30. juli, skriv BT. 7,2 tonn flytande petroleumsgass kan ha leke ut i løpet av 4,5 timar, og ein operatør var under ein meter frå lekkasjen.