Ho trudde ho kunne dø av smertene, men no har ho fått eit håp om å verta frisk
Foto: Ådne Dyrnesli / NRK

Stresset har slått rot i kroppen til Christine

Christine kjempar mot ekstreme smerter kvar dag. No kan ei uventa forklaring på dei mystiske smertene gje ho håp om å verta frisk.

Christine kan sitja på baderomsgolvet i fleire timar kvar dag. Ho har føtene i ein balje, og det blå lyset frå laptopen på fanget lyser opp andletet hennar. Varmen frå golvet og det varme fotbadet hjelper på smertene.

Du ser det ikkje på ho, men smertene er der heile tida.

– Det er som å ha ei feberkjensle, og som om eg har små, skarpe steinar i nakken som borar seg ut gjennom huda, forklarer Christine.

Til hausten skal ho starta i tredjeklasse på vidaregåande. På ein vanleg skuledag må ho førebu seg mentalt dei siste hundre metrane av skulevegen. Ho må koma seg gjennom dagen. Det er nesten ingen som veit om smertene.

– Om eg skulle vore vekke kvar dag eg føler meg dårleg, hadde eg aldri vore på skulen, seier Christine.

Ho er på skulen kvar dag, men når ho kjem heim, kan ho sova i fleire timar før ho startar på leksene. Ofte arbeider ho med skulearbeid til ho nesten sovnar over bøkene. Smertene er alltid til stades, og det går ut over konsentrasjonen hennar.

Smertene er verst når ho har prøvar og innleveringar. På ei vanleg veke kan ho verta vurdert opptil tre gonger.

På grunn av det konstante presset om å prestera, trur ikkje Christine at ho kan verta frisk før ho er ferdig med vidaregåande. Det er endå eit år til.

Christine tar fotbad for å døyve smertene

Ofte arbeider Christine med skulearbeid medan ho sit på baderomsgolvet.

Foto: Ådne Dyrnesli / NRK

Dei mystiske smertene

Det kan ha begynt alt i fjerde klasse, med ein senebetennelse i handleddet. Medisinen ho fekk for å dempa betennelsen var for sterk for niåringen, og det førte til at ho fekk magekatarr.

Det er vanleg at ein magekatarr varer i nokre veker, men Christine var sjuk i over fire månadar. Ho kasta opp opptil 30 gonger om dagen, var gjennom mange undersøkingar og vart innlagt på sjukehus på det verste. Sjølv om ho vart frisk til slutt, var det som om kroppen hennar hadde vorte svakare. Ho var oftare sjuk enn tidlegare, og ho fekk fleire betennelsar på ulike stader i kroppen.

Fram til niande klasse var Christine ein aktiv handballspelar, men så vart det stopp. Medan ho spelte og var i aktivitet var alt som før, men med ein gong ho stoppa, kom smertene. Nokre gonger var det så ille at ho måtte berast av banen etter at kampen var over. Dei byrja å lura. Kva var gale med Christine?

Legane tok prøve etter prøve, men dei fann ikkje ut kva som feila ho. Ei stund trudde dei det var Bekhterevs eller leddgikt, men det vart avkrefta.

– Det var nokre skumle år, fordi eg trudde eg hadde ein sjukdom som ingen andre hadde hatt før, seier Christine.

Endeleg eit håp

Etter fleire år med usikkerheit kom far til Christine tilfeldigvis over ein artikkel i A-magasinet om ungdom med uforklarlege smerter.

– Eg las artikkelen og tenkte at dette her er jo akkurat det eg har, seier Christine.

Fleire av dei det stod om i artikkelen hadde òg hatt liknande opplevingar i møte med helsevesenet. For dei hadde Barnesmertegruppa på Rikshospitalet vore svaret. Far til Christine tok kontakt med dei same dagen.

Christine og foreldra reiste til Rikshospitalet. Der fekk dei møta overlege Helene Helgeland ved Barne- og ungdomsklinikken.

Ho kunne gje dei svar.

Kroppen svarer med smerter

Helgeland byrja å interessera seg for liknande smerter då ho arbeidde ved ein barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk. Mannen hennar er også lege, og den gongen arbeidde han med magesmerter hjå vaksne. Dette er smerter som er svært vanlege, men som ikkje skuldast ein påviseleg, kjend sjukdom. Over middagsbordet spurde han om ikkje pasientane hennar også hadde vondt i magen.

– Eg sa at nei då, det trur eg ikkje, men så byrja eg å spørja dei, fortel Helgeland.

Pasientane hadde kome til ho med mange ulike psykiske plager, men når ho spurte viste det seg at mange også hadde vondt i kroppen. Både i magen og hovudet.

– Det tykte eg var utruleg interessant, seier Helgeland.

Ho vart så nysgjerrig at ho skreiv ein doktorgrad om denne typen magesmerter hjå born og unge. I forskingsarbeidet bekrefta ho at dei som hadde vondt i magen ofte også hadde vondt andre stader i kroppen.

Det var slik ho byrja arbeide med born og unge med liknande smerter som Christine.

For Christine er ikkje aleine. Dei siste åra har dei på Rikshospitalet merka ein auke i tilvisingar av unge pasientar med tilsynelatande uforklarlege smerter.

Helgeland fortel at mellom 15 og 20 prosent born og unge har langvarige eller tilbakevendande smerter. Dei fleste vert bra av seg sjølv, men for nokre få vert konsekvensane alvorlege.

Mange vert sende frå lege til lege før ein finn ut kva det er som feilar dei. Alle legebesøka og uroa for at det kan vera ein farleg, uoppdaga sjukdom gjer tilstanden verre, og det kan føra til lange periodar med fråvær frå skulen.

Kunne Helene gi svar på hvor smertene til Christine kommer fra?

Overlege Helene Helgeland seier det gjev ikkje meining å tenkja på smerte berre som noko fysisk.

Foto: Ådne Dyrnesli / NRK

Denne typen smerter oppstår ofte når ungdom vert utsette for belastningar som det ikkje er mogleg for dei å meistra. Det vert eit gap mellom det dei ynskjer å få til og det dei kan få til. Stresset handlar ikkje berre om psykisk og sosialt stress. Infeksjonar, skader og andre fysiske plager kan også utløysa eller halda smertene ved lag.

Kroppen vert utsett for stress over tid og svarer med smerter. Ein kan tenkja på smerte som kroppen sitt språk.

– Det er ikkje ei pille du kan ta for å verta frisk. Ein må finna ut kva som er dette barnet eller ungdommen sin historie og situasjon og gje individuelt tilpassa behandling ut frå det, forklarer Helgeland.

For Christine vart møte med Helgeland eit vendepunkt. Ho hadde ikkje ein ukjend sjukdom. Smertene var ikkje farlege.

– Når me gjekk ut døra sa eg, mamma og pappa nesten i kor at ho der Helene, ho er ei bra dame. Ho kan hjelpa oss, seier Christine.

Eit livsviktig signal

– Det gjev ikkje meining å tenkja på smerte berre som noko fysisk, seier Helene Helgeland.

Ho forklarer at all smerte er ekte smerte. Bekymringar, uro og andre typar psykisk stress kan valda like mykje smerte som fysisk skade. Ho tykkjer det er viktig at fleire skal forstå korleis desse smertene kan oppstå og kvifor dei held fram.

Vanlegvis er smerte eit livsviktig signal. Smerter er kroppen som prøver å seia ifrå om at han er i fare – det fungerer som eit slags alarmsystem.

Det gjer til dømes at du trekker til deg handa dersom du brenner deg, slik at du unngår å skada deg.

Hjå Christine og andre med langvarige smerter kan ein seie at alarmen har hengt seg opp.

Det kan vera heilt andre faktorar som held smertene ved lag enn dei som utløyste dei.

Tidlegare erfaringar, bekymringar, negative tankar og kor mykje du fokuserer på smertene påverkar måten du opplever dei. Ein person som uroar seg mykje for at smertene kan vera farlege, opplever sterkare smerter enn ein som er trygg på at smertene er ufarlege.

Helgeland seier at kroppen er som ei borg som beskyttar seg mot fare. Det er mange system som regulerer stress i kroppen, og alle har eit tårn i borga. Nervesystemet, hormonsystemet, immunsystemet og den biologiske døgnrytmeklokka har alle kvart sitt tårn. Sjølv om dette er system med forskjellige oppgåver og funksjonar, så heng dei saman. Dersom eitt av tårna vert angripe, så kan dei andre tårna aktiverast etter behov. I nokre tilfelle kan heile borga gå i forsvar.

Ei borg som ofte vert utsett for angrep vert meir på vakt enn ei borg som aldri er i fare.

Vanlegvis går kroppen tilbake til ein fredeleg tilstand når faren er over, men for Christine gjer han ikkje det. Kroppen er stadig på vakt og klar for eit nytt angrep.

Helgeland understrekar at dette ikkje er noko som berre sit i hovudet, det er ikkje innbilling. For Christine kan magekatarren ha vore ein utløysande faktor. Uvissa i møte med helsevesenet og ein stressande skulekvardag kan ha halde smertetilstanden ved lag, sjølv om det som starta han gjekk over.

Christine og hunden

Familien fekk høyra at ein hund kunne hjelpa på smertene, no er Ask ein sjølvsagt del av familien.

Foto: Ådne Dyrnesli / NRK

Ein feil mange gjer

– Mamma og pappa seier ofte at eg må senka skuldrene litt, at eg er god nok, seier Christine.

Christine er heldig som har foreldre som støttar ho. Måten foreldre reagerer på den unge sine plager kan ha stor påverknad på smertene. Somme foreldre tek ikkje borna sine smerter alvorleg og trur dei er innbilte. Andre gjer det motsette. Dei rettar for mykje merksemd mot symptoma og moglegheita for ein uoppdaga sjukdom. Begge delar kan vera med på å halda oppe smertene.

Å verta frisk tek tid og krev ei felles forståing frå alle rundt barnet. Det kan vera svært vanskeleg for både foreldre og barnet dersom behandlinga tek lang tid, og difor er det viktig å få profesjonell hjelp.

Helgeland arbeider også i ei nasjonal kompetanseteneste som skal spreie forståing og kompetanse om slike lidingar.

Dei meiner me må endra måten me tenkjer om sjukdom og helse. Det tradisjonelle skiljet mellom fysisk og psykisk gir ikkje lenger meining, og det kan få negative konsekvensar. Me må læra oss å tenkja på kroppen som eit heile og å sjå heilskapen i situasjonen til pasienten.

Ein feil mange gjer, er å bruka opp all energien sin når dei har ein god dag, for så å måtta bruka fleire dagar for å henta seg inn igjen. På denne måten vert dei gradvis verre, fordi dei ikkje får tid til å henta seg inn.

Helgeland hjelper pasientane å laga ein plan over daglege gjeremål som dei kan gjennomføra også på dårlege dagar

Sjølvtilliten fekk ein knekk

For å redusere belastninga frå skulen har Christine utsett eitt fag i året, eitt i andreklasse og eitt i tredjeklasse. Det sat langt inne, og sjølvtilliten hennar fekk ein knekk, men det har hatt god effekt. Ho er mindre stressa, søv betre og har meir tid til å henta seg inn.

Trass i dette vert ikkje smertene betre.

– Nokre gonger går eg litt ned, men så kjem eg opp igjen til same nivå, forklarer Christine.

Dei faga ho har teke vekk, må ho ta opp igjen som privatist etter tredjeklasse. På grunn av dette får ho eit andregongsvitnemål, som gjer at ho må ha fleire poeng for å koma inn på høgare utdanning. Derfor vert det endå viktigare å få gode karakterar.

Til trass for dette ynskjer ho ikkje å ta vekk fleire fag eller å ta ein pause frå skulen. Ho vil koma seg gjennom det.

– Uansett om eg hadde teke vekk alle faga utanom eitt, så trur eg framleis det hadde vore nok til å halda smertene ved lag, seier ho.

Christine gjør skolearbeid hjemme på kjøkkenet

Christine nektar å gje opp skulearbeidet. Ho vil koma seg gjennom det.

Foto: Ådne Dyrnesli / NRK

Den einaste medisinen

Christine går ikkje på medisinar og brukar ikkje smertestillande. Det fungerer ikkje mot smertene hennar.

– Trening er den einaste medisinen min. Det gjev meg eit ordentleg energikick, seier Christine.

Ho trener fleire gonger i veka og har personleg trenar annakvar veke for å bygga opp dei muskelgruppene ho har smerter i.

Når ho trener viser ho seg sjølv at ho kan få til noko. Ho får fokuset vekk frå smertene og vert sliten i kroppen på ein heilt annan måte enn ho er til vanleg. Dette kan vera ein av nøklane til å verta frisk.

– Det er viktig å vera i aktivitet. Det er brei semje i dag om at ein ikkje kan kvila seg frisk. Det er viktig å finna ein fin balanse. For mykje og for lite kan vera like ille, forklarar Helgeland.

Ho seier at det å gjera noko ein finn glede i, hjelper ein til å flytta merksemda vekk frå smertene. Det bidreg til meistring og er god medisin.

Sjølv om smertene hennar er sterkare no enn tidlegare, taklar Christine dei betre. No veit ho at dei ikkje er farlege, og ho har lært seg å leva med dei.

– Nokre gonger mister eg heilt trua på at eg skal verta frisk, men eg stolar på Helene, seier Christine.

Når ho er ferdig med vidaregåande skal ho ta seg eit friår før ho tek opp igjen faga ho må ta som privatist. Det gler ho seg til. Fyrst då trur ho at ho kan verta frisk.

– Målet mitt er å verta smertefri om nokre år. Eg nektar å ha det slik resten av livet, seier Christine.

Christine trener

Christine trener saman med personleg trenar Natasja Chantell annakvar veka for å bygga opp muskelgruppene ho har smerter i.

Foto: Ådne Dyrnesli / NRK