Nyheter - Sogn og Fjordane:

  • I dag kl. 10.00

    Myklebustskipet blir sjøsett i dag

    I dag får kopien av vikingskipet Myklebust igjen sjø under kjølen. Skipet er ein kopi av vikingskipet det blei funne spor etter på Nordfjordeid for 150 år sidan. Kopien er 30 meter lang og veg 16 tonn. 60 mann skal trille skipet frå Sagstad Vikingsenter og ut på fjorden.

  • I dag kl. 9.31

    Avviser lakseskatt-søksmål mot staten

    Lakseoppdrettsgiganten Mowi og milliardær John Fredriksen saksøkte i fjor staten. Dei meiner at lakseskatten er eit brot på Grunnlova og EØS-reglane. No har Hordaland tingrett avvist søksmålet. Staten meiner Mowi må vente til dei har eit konkret skattevedtak å klage på, og at det ikkje er grunnlag for å gå til søksmål mot eit vedtak frå Stortinget. Det er Hordaland tingrett samd i. – Tingretten har, etter staten sitt syn, kome til eit riktig resultat. Dersom denne avgjerda blir ståande, betyr det at saka stoppar opp i rettssystemet i denne omgang, seier Regjeringsadvokat Fredrik Sejersted. Begge partar har no ein månad til å vurdere om ein vil anke avgjerda til lagmannsretten. – Vi har nettopp motteke retten si avgjerd og må setje oss grundig inn i innhaldet før vi kan kommentere, skriv kommunikasjonsdirektør i Mowi, Ola Hjetland, i ein SMS.

  • I dag kl. 8.15

    Påkøyrsle i Øygarden

    Det har vore ein påkøyrsel i Skjergardsvegen i Øygarden. To bilar er involverte og totalt tre person innblanda. – Alle er vakne og medvitne, melder politiet. Trafikken flyt nokolunde greitt forbi. Naudetatane er på veg og bilbergar er bestilt.

  • I dag kl. 7.26

    Hydro med nedgang i resultatet i første kvartal

    Norsk Hydro fekk eit resultat på 5,4 milliardar kroner i første kvartal i år, noko som er ein nedgang frå 7,5 milliardar kroner same kvartal i fjor. Lågare salsprisar på aluminium og auka faste kostnadar blir peikt på som nokre av årsakene til nedgangen, skriv selskapet i ei børsmelding.

  • I dag kl. 6.30

    Melding om person i sjøen i Askøy

    Politiet er ved Strusshamn på Askøy etter melding om ein mann som ligg i sjøen og held seg fast i eit tau. – Mannen er vaken og medviten og det jobbast med å få han på land, skriv politiet. Meldaren skal ha observert mannen med kikkert, og det er førebels uklart korleis mannen har hamna i sjøen. Brannvesenet på Askøy og dykkarar frå Sandviken rykker ut etter melding om ein person som har gått i sjøen på Askøy. Det seier vaktkommandør Håkon Mykling til NRK rett før klokka halv sju onsdag morgon. – Vi har fått melding om ein som har gått i sjøen, men vi veit veldig lite på noverande tidspunkt, seier Håkon Mykling, vaktkommandør i 110-vest.

  • I dag kl. 6.30

    Person redda opp frå sjøen i Askøy

    Klokka 06.47 melder brannvesenet at personen er redda opp frå sjøen. Politiet er ved Strusshamn på Askøy etter melding om ein mann som ligg i sjøen og held seg fast i eit tau. – Mannen er vaken og medviten og det jobbast med å få han på land, skriv politiet. Meldaren skal ha observert mannen ved båthamna i Strusshamn med kikkert, og det er førebels uklart korleis mannen har hamna i sjøen. Brannvesenet på Askøy og dykkarar frå Sandviken rykte ut like før klokka halv sju onsdag morgon. – Vi har fått melding om ein som har gått i sjøen, men vi veit veldig lite på noverande tidspunkt, seier Håkon Mykling, vaktkommandør i 110-vest. Det er forseinkingar på Askøyruta på grunn av redningsaksjonen, skriv Skyss på sine nettsider. Dei venter normal drift frå Kleppestø klokka 07.00.

  • I dag kl. 6.30

    Person redda opp frå sjøen i Askøy - sendt til Haukeland

    Klokka 06.47 melder brannvesenet at personen er redda opp frå sjøen. – Han sat i fjæresteinane då dei første mannskapa kom fram. Dei fekk hjelpt han opp derfrå, seier vaktkommandør i 110-Vest, Håkon Myking, til NRK. Mannen som hamna i sjøen er køyrd til Haukeland sjukehus for nærare undersøking, melder politiet. Han er vaken og medviten, men nedkjølt. Tidlegare onsdag morgon rykte politiet til Strusshamn på Askøy etter melding om ein mann som låg i sjøen og heldt seg fast i eit tau. Eit vitne hadde sett mannen gå på ei gangbru, snuble og falle i sjøen. – Mannen er vaken og medviten og det jobbast med å få han på land, skriv politiet. Meldaren skal ha observert mannen ved båthamna i Strusshamn med kikkert, og det er førebels uklart korleis mannen har hamna i sjøen. Brannvesenet på Askøy og dykkarar frå Sandviken rykte ut like før klokka halv sju onsdag morgon. – Vi har fått melding om ein som har gått i sjøen, men vi veit veldig lite på noverande tidspunkt, seier Håkon Myking, vaktkommandør i 110-vest. Det er forseinkingar på Askøyruta på grunn av redningsaksjonen, skriv Skyss på sine nettsider. Dei ventar normal drift frå Strandkaiterminalen klokka 07.15.

  • I dag kl. 6.15

    To bilbranner i Bergen i natt

    Det har vært to bilbranner i Bergen i natt, en i Alver og en i Sandviken. Ingen personer er skadde. Politiet fikk først melding om bilbrann ved Radøyvegen ved Støleberget i Alver klokken 03.15. Bilen sto i vegbanen og det var ikke spredningsfare til omkringliggende boliger. Det var meldt at det var mye flammer og røyk. Politi og brannvesen rykket til stedet. Like etter klokken 05.00 meldte politiet at et felt var åpent og at det var manuell dirigering på stedet. Bilberger er ventet å ankomme stedet cirka klokken 06.00. – Bilen begynte å brenne under kjøring, og det er store skader. Det har vært full overtenning og en utbrent bil, sier operasjonsleder Knut Dahl-Michelsen. I bilen var det en person og en hund, som begge kom seg ut av bilen. De er uskadde, men har pustet inn litt røyk, ifølge politiet. Like etter klokken 06.00 er Radlyvegen ved Splintevika åpnet for fri ferdsel igjen. Radøyvegen ved Splintevika. I Sandviken fikk politiet melding om brann i et kjøretøy klokken 04.46. Bilen stod parkert i en gate og det var observert flammer og litt røyk, men det var ikke brann i selve kjøretøyet. Litt over en halvtime senere meldte politiet at brannen var slukket og at de var ferdige på stedet. – Det fremstår som at noen har lagt noe under bilen og tent på, sier Dahl-Michelsen, men understreker at de er usikre på om dette er tilfellet. De oppretter sak og per nå er ingen mistenkt.

  • Tirsdag 23. april kl. 22.45

    Se Vestlandsrevyen klokken 23.00

    Bybaneførere i Bergen er preget etter dødsulykken i går. Flere sier de sitter med hjertet i halsen, og frykter ulykker hver eneste dag. Se mer i Vestlandsrevyen. Programleder er Mariann Reikerås.

  • Tirsdag 23. april kl. 22.27

    Strømproblemer på Bergensbanen - tog står fast i tunnel

    Arna–Trengereid er stengt for togtrafikk. Dette skyldes strømproblemer, opplyser Bane NOR på sine nettsider. Et Vy-tog fra Oslo til Bergen står fast i Arnanipatunnelen, ifølge Bergens Tidende. Et hjelpelokomotiv skal være på vei fra Bergen. Det jobbes med å rette feilen, men det er usikkert hvor lang tid det vil ta før togene kan kjøre som normalt igjen.

  • Tirsdag 23. april kl. 22.27

    Strømproblemer på Bergensbanen – tog står fast i tunnel

    – Det er et lokaltog fra Bergen i retning Voss som står stille i Arnanipatunnelen på grunn av strømproblemer, forteller kommunikasjonssjef i Vy, Åge-Christoffer Lundeby. Strømbruddet oppstod like før klokken 22.00. – Det er 17 passasjerer om bord i toget, forteller kommunikasjonssjefen. Bane NOR jobber nå med å trekke toget ut av tunnelen ved hjelp av dieselkraft. – Så står det taxier og venter når de kommer ut av tunnelen som vil frakte passasjerene videre, sier Lundeby. Det var også et Vy-tog fra Oslo i retning Bergen som ble stående fast på Voss som følge av strømproblemene. Der var det 67 passasjerer om bord som nå har blitt kjørt videre med buss og taxi i retning Bergen. Lundeby forteller at det også vil gå to busser fra Bergen i retning Oslo for nattoget som skal gå like over klokken 23. – Dette nattoget er ikke ennå innstilt, for man vet ikke hvor lang tid det vil ta å løse strømproblemene. Men det er et tilbud til kundene om å kunne ta buss istedenfor tog.

  • Tirsdag 23. april kl. 20.54

    Politibil under utrykking involvert i trafikkuhell

    Politiet opplyser at det var eit trafikkuhell i Olav Kyrresgate i Bergen kl. 1945, der ein politibil og ein syklist var involvert. Politibilen var under utrykking. Syklisten blei undersøkt av ambulansepersonell på staden, men har ifølgje politiet ikkje behov for vidare helseoppfølging. Spesialeininga for politisaker er orientert.

  • Tirsdag 23. april kl. 19.27

    Se Vestlandsrevyen klokken 19.45

    4 milliarder koster det å forsterke de dårligste fylkesveiene i Vestland, viser nye tall. I den store skogbruks-kommunen Alver er de lokale veiene så dårlige at tømmerbilene nå er stoppet av fylkeskommunen. Se mer i Vestlandsrevyen. Programleder er Mariann Reikerås.

  • Tirsdag 23. april kl. 18.48

    Rykte ut til branntilløp i Aurland

    110 Vest har rykka ut til ein mindre branntilløp i eit hus i Aurland. Brannen er sløkt, melder 110 Vest.

  • Tirsdag 23. april kl. 18.30

    Brann i terreng – måtte stenge E16 i Lærdal

    E16 ved Ljøsne i Lærdal var stengt etter brann i terrenget like ved vegen. Helge Lund i 110 Vest seier at det var om lag 10–15 meter gras som stod i brann, men at brannen no er sløkt. E16 var stengt ein kort periode, men har no opna. Brannmannskap dirigerer trafikken.

  • Tirsdag 23. april kl. 18.12

    Slagsmål i Hollendergaten i Bergen

    Politiet er på stedet med flere patruljer etter å ha fått melding om et mulig salgsmål i Hollendergaten i Bergen sentrum. Det skal ha vært rolig på stedet da politiet ankom.

  • Tirsdag 23. april kl. 17.23

    Bømlafjordtunnelen stengt

    E39 Bømlafjordtunnelen er stengt på grunn av et stanset kjøretøy, melder Vegtrafikksentralen.

  • Tirsdag 23. april kl. 17.23

    Bømlafjordtunnelen åpen for fri ferdsel

    E39 Bømlafjordtunnelen var stengt en kort periode på grunn av et stanset kjøretøy. Tunnelen er nå åpen for fri ferdsel, melder Vegtrafikksentralen.

  • Tirsdag 23. april kl. 16.46

    E39 i Førde opna att etter uhell

    E39 Brulandsvegen i Førde har opna att etter at ein MC og ein bil krasja. Trafikken går no som normalt, melder Vest politidistrikt. Uhellet skjedde i samband med at køen stoppa opp og MC- en greidde ikkje å stoppe i tide for bilen framfor seg. Det var låg hastigheit og ingen blei skadde. Det blir ikkje oppretta sak.

  • Tirsdag 23. april kl. 16.42

    Betelskipet «Elieser 6» gikk på grunn

    Betelskipet «Elieser 6» gikk på grunn i ytre del av Gulafjorden i dag. Hovedredningssentralen fikk melding om hendelsen klokken 14.28. Bergens Tidende omtalte grunnstøtingen først. Skipet eies av Den indre sjømannsmisjonen, og båtene deres har seilt langs kysten i over 100 år som et slags flytende bedehus. Hovedredningssentralen ble varslet om hendelsen via kystradioen. De opplyser til NRK at det verken var noe stort drama eller lekkasjer fra båten. Hurtigbåten Solundir bidro med å trekke skipet av grunn, og så kunne det gå videre for egen maskin mot Fedje. Ifølge Marine traffic har skipet reist fra Måløy i dag.

  • Tirsdag 23. april kl. 16.16

    Politiøving i Førde andre dag på rad

    Politiet held ei ny PLIVO-øving (pågåande livstrugande vald) ved Hafstad vgs. i Førde tysdag. Øvinga vil finne stad frå kl. 16 og halde fram til kl. 22 tysdag kveld. Politiet hadde ei lik øving måndag kveld.

  • Tirsdag 23. april kl. 16.12

    Må hastestenge veg mellom Gaupne og Luster

    FV55 Lustravegen mellom Gaupne og Luster må hastestengast for å sikre vegbana grunna ein dårleg mur. Vegen stengast klokka 18.00 og vil opne ca. klokka 23.00 med gjennomkøyring ca. kvar heile time.

  • Tirsdag 23. april kl. 15.41

    Bil og MC har krasja- naudetatane rykkjer ut

    Ein bil og ein MC har krasja på E39 Brulandsvegen i Sunnfjord, politiet melde først at ulukka skjedde i Stad. Naudetatane kom til staden like før kl. 16, og har sperra vegen. Det er tre personar involverte. Alle dei involverte er vakne og bevisste, ingen er fastklemde.

  • Tirsdag 23. april kl. 14.10

    Brann i aggregat i Øygarden

    110-sentralen meldte rundt kl 13:45 om brann i et aggregat på Coast Center Base i Ågotnes i Øygarden. Brannen er nå slukket og under kontroll. – Vi fikk først melding om brann i mulige gass- og sveisingsanlegg. Brannvesenet rykket raskt ut og fikk opprettet en sikkerhetssone på 300 meter i området. Det viste seg etter hvert at brannen var i et aggregat og ikke i selve området der gassflaskene sto. Vi har nå god kontroll og oversikt, gassen er gjennomsøkt med varmekamera, og det er ingen tegn på brann eller temperatur, sier vaktkommandør Helge Lund i 110-sentralen Vest til NRK. Det er ikke meldt om personskader i forbindelse med brannen.

  • Tirsdag 23. april kl. 12.40

    BIFF tildelt Christieprisen 2024

    Bergen internasjonale filmfestival (BIFF) ble i dag tildelt Christieprisen 2024. Prisen tildeles av Universitetet i Bergen, og formålet med prisen er å vise hvordan forskning og utdanning kan bidra til økt innsikt, forståelse og nyskaping innenfor kultur-, nærings- og samfunnsliv. UiB begrunnet tildelingen med at BIFF har skapt en møteplass for aktuelle forskningstema og bidrar til å gjøre forskning tilgjengelig. BIFF er en internasjonal filmfestival som har vært arrangert årlig siden 2000. Universitetet i Bergen er selv en av samarbeidspartnerne til festivalen.

  • Tirsdag 23. april kl. 10.31

    Sogning dømt for vald mot sambuar

    Ein mann i Sogn er dømt til fengsel i eit år og to månadar for vald mot sambuaren sin. Mannen skal ha tatt kvelertak og slått henne fleire gongar i andletet. Mannen fekk også kontaktforbod overfor kvinna i to år og må betale erstatning på 100 000 kroner. Han får heller ikkje opphalde seg i kommunen på to år.

  • Tirsdag 23. april kl. 10.05

    Kortest liggetid på barsel på Haukeland

    Blant de største fødeavdelingene i Norge har Haukeland universitetssjukehus kortest liggetid for fødende. Det viser nye tall fra Medisinsk fødselsregister ved Folkehelseinstituttet. 2,2 døgn er snittet på Haukeland. Nå er landsgjennomsnittet på 2,7 døgn. Tallene på landsbasis har vært relativt stabile de siste ti årene, med lavest liggetid under koronapandemien. Drammen sykehus har lengst liggetid har 2,9 døgn.

  • Tirsdag 23. april kl. 6.59

    Fylkesveg 570 i Masfjorden er stengd

    Det har vore eit trafikkuhell på fylkesveg 570 Fensfjordvegen, like sør for Steinekrysset i Masfjorden. Det skal ikkje vere passering på staden, og Vegtrafikksentralen veit enno ikkje kor lang tid det vil ta før vegen opnar att.

  • Tirsdag 23. april kl. 6.59

    Fylkesveg 570 i Masfjorden er open igjen

    Det har vore eit trafikkuhell på fylkesveg 570 Fensfjordvegen, like sør for Steinekrysset i Masfjorden, aust for Sløvågen. Ein bil køyrde i grøfta og hamna på taket, og vegen var stengd som følge av ulykka. Det var ein person i bilen og vedkomande ringde sjølv til naudetatane. – Førar er ute av bilen og uskadd, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i politiet. Naudetatane rykker ikkje til staden.

  • Tirsdag 23. april kl. 5.59

    Fotgjengar stenger tunnel

    Fodnestunnelen i Lærdal er no stengd etter at ein bilist varsla om ein fotgjengar vel to kilometer inne i tunnelen. – Dette er svært risikabelt. Dette er ein høghastigheitstunnel, og ein kring seks kilometer lang tunnel, seier Steinar Hausvik som er operasjonsleiar i Vest politidistrikt. Ein politipatrulje er no på veg til staden, men inn til vidare er tunnelen stengd.

  • Tirsdag 23. april kl. 5.59

    Fotgjengar stengde tunnel - er open att

    Fodnestunnelen i Lærdal er no opna att etter at ein bilist varsla om ein fotgjengar vel to kilometer inne i tunnelen. Tunnelen var stengd tysdag morgon. – Dette er svært risikabelt. Dette er ein høghastigheitstunnel, og ein kring seks kilometer lang tunnel, seier Steinar Hausvik som er operasjonsleiar i Vest politidistrikt. Politiet køyrde gjennom tunnelen utan å finne fotgjengaren.

  • Mandag 22. april kl. 22.47

    Se Vestlandsrevyen klokken 22.55

    Idretten slår alarm om at stadig flere barn har så dårlig oppførsel at det skremmer vekk både trenere og andre barn. I Hordaland idrettskrets prøver de nå å utvikle et kurs for å håndtere pøbeloppførsel. Se mer i Vestlandsrevyen. Programleder er Mariann Reikerås.

  • Mandag 22. april kl. 22.17

    Brann i høyspentlinje på Voss

    Klokken 22.04 meldte 110-sentralen om en brann i en høyspentlinje på Voss. Det skal også brenne i terrenget under. Brannvesen og kraftselskap er på vei til stedet.

  • Mandag 22. april kl. 22.17

    Brann i høyspentlinje på Voss er slukket

    Tidligere i kveld meldte 110-sentralen om en brann i en høyspentlinje på Voss. Det brant også i terrenget under. Klokken 22.26 melder brannvesenet at kraftselskapet har tatt strømmen, og at brannen er slukket.

  • Mandag 22. april kl. 20.56

    Har fått sløkt brann i Sløvåg

    Brannmannskap har sløkt brannen i ein brakke/kontorrigg i Sløvåg. Brannmannskap rykte ut klokka 20.18 etter at dei fekk melding om røyk frå eit tak. Brannmannskap jobbar på staden og ventilere ut røyk, seier Håkon Myking i 110 Vest. Det er uvisst kor brannen starta.

  • Mandag 22. april kl. 20.51

    Stenger veg i Jølster for å berge køyretøy

    Fv. 5690 Nikolai Astrups veg i Sunnfjord blir stengt ein periode for å berge traktoren som trilla ut i Jølstravatnet tidlegare i kveld. Det er omkøyring via E39, melder Vegtrafikksentralen. Det rann olje frå traktoren ut i vatnet. 110 Vest fortel at brannmannskap har lagt ut lenser for å samle det opp. – Men det er eit ganske tynt lag olje, så berre litt temperatur og vind; så er det vekke, seier Håkon Myking i 110 Vest.

  • Mandag 22. april kl. 20.20

    Brannmannskap rykkjer ut til Sløvåg

    110 Vest melder at naudetatane er på veg til Sløvåg i Gulen etter melding om røyk frå tak i ein brakkerigg.- Vi har ein brannmann framme på staden. Han ser ikkje opne flammar, men røyk, seier Håkon Myking i 110 Vest. Det skal ikkje vere personar i bygget. Hendinga er ikkje fare til andre bygg eller anlegg i området, fortel Myking.

  • Mandag 22. april kl. 19.29

    Se Vestlandsrevyen klokken 19.45

    En mann i 30 - årene omkom etter at han ble påkjørt av Bybanen i dag tidlig. Ulykken skjedde da mannen skulle krysse bybanelinjen på elsparkesykkel. Dette er den andre dødsulykken med Bybanen siden den åpnet i 2010. Se mer i Vestlandsrevyen. Programleder er Mariann Reikerås.

  • Mandag 22. april kl. 18.47

    Traktor hamna i Jølstravatnet

    Ein traktor hamna i Jølstravatnet i ettermiddag, melder 110 Vest. Køyretøyet trilla av seg sjølv, og det var ingen personar i traktoren då hendinga skjedde. Det er noko oljesøl i området, og brannvesenet er på staden. Dei har plassert ut lenser. Ifølge Firda skal det vere snakk om 100 liter olje. Traktoren reiv med seg delar av eit garasjebygg, trilla over fv. 5690 og reiv med seg autovern på veg ned i Jølstravatnet der han no har sokke. Politiet har oppretta sak.

  • Mandag 22. april kl. 18.20

    Oljesøl i Fløyfjellstunnelen – ett felt stengt

    Høyre felt gjennom Fløyfjellstunnelen mot sentrum er stengt på grunn av oljesøl, melder Vegtrafikksentralen. Det skal være observert oljesøl helt fra Eidsvågsdumpen, gjennom Fløyfjellstunnelen og videre opp mot Lagunen. MC-førere oppfordres til å være ekstra oppmerksomme.