Nyheter - Hordaland:

  • Mandag 15. april kl. 16.51

    Brann i sikringsskap i Tesdalen

    Naudetatane er på veg til Tesdalen i Voss etter melding om brann i ein einebustad. Det skal ha brunne i eit sikringsskap, men brannen skal vera sløkt, opplyser politiet. Det er ikkje meldt om skadde personar. Meldinga kom klokka 16.44, klokka 17.04 var brannvesenet på staden. Klokka 17.40 var naudetatane ferdige på staden. Det er ikkje meldt om personskade, og politiet opprettar sak.

  • Søndag 14. april kl. 14.07

    BA: Mann pågripen for valdtekt i Bergen

    Ein mann i 20-åra er sikta for valdtekt på ein utestad i Bergen natt til søndag, melder BA. Valdtekta skal ha skjedd på toalettet på ein utestad i Bergen sentrum. Den fornærma kvinna er i same alder. Det var ein vekter på utestaden som ringte politiet. Mannen blei pågripen og sit no i arresten. Det er ukjent kva relasjon den sikta og fornærma har til kvarandre. – Dei skal i kvart fall ha kjent til kvarandre, seier politiadvokat Ole Vallestad Emmerhoff til BT.

  • Fredag 12. april kl. 18.22

    «Kamelen» mista lappen for uaksom MC-køyring

    Marcus Kabelo Møll Mosele, kjend under artistnavnet Kamelen, mista onsdag kveld førarkortet. Han fortalde dette på Instagram fredag ettermiddag, melder BA. Politiadvokat Arne Fjellstad i Vest politidistrikt stadfestar dette til BT. Politiet vart varsla om påstått uaksom køyring på motorsykkel. Seinare på kvelden observerte ein polititilsett som hadde fri, det same i området Danmarks plass og Fjøsangerveien. Mosele samtykka ikkje i beslaget, så saka går til retten. Han har bede advokaten sin, Jørgen Riple, å ikkje kommentera saka. Det er ifølge Fjellstad ikkje mistanke om rus knytt til beslaget.

  • Onsdag 3. april kl. 19.07

    Narkotikabeslaget på danskebåten: Årets største så langt

    I slutten av februar blei to menn i 20-åra arresterte og fengsla då dei kom av danskebåten, fordi tollarane fann store menger narkotika. Politiadvokat Jørgen Henriksen seier i dag til BT at det dreier seg om ca. 46 kilo hasj, 20 kilo amfetamin og i underkant av seks kilo ecstasy. – Det er snakk om eit svært betydeleg narkotikabeslag, og strafferamma for innførsel er høg, seier Henriksen til avisa, og viser til at strafferamma er inntil 15 år i fengsel. Dei to sikta mennene er begge norske statsborgarar. Dei sit framleis i varetekt, stadfestar Henriksen til avisa. Ein av mennene sin forsvarar seier til BT at klienten ikkje erkjenner straffskuld. Den andre vil ikkje kommentera saka.

  • Tirsdag 2. april kl. 21.23

    E39 Breisvortunnelen open igjen

    E39 Breisvortunnelen mellom Kjøs og Nordfjordeid er open igjen for fri ferdsel, etter at det hamna steinar i vegbana. Entreprenør har ein liftbil på veg, og det vil bli kort stenging seinare tysdag kveld når tunneltaket skal inspiserast.

  • Mandag 1. april kl. 10.36

    Fremdeles usikkert for Bergensbanen

    Pressevakt i Bane Nor, Gunnar Børseth, melder om at det fremdeles er usikkert om når Bergensbanen kan ha vanlig drift. – En del av arbeidet begynner å ferdigstilles, men alt er ikke ferdig. Vi jobber videre på stedet. Toget er fjernet, men vi holder på å jobbe med infrastrukturen, sier Børseth til NRK. Det har vært buss for tog deler av strekningen på Bergensbanen, etter skader som oppsto fredag 22. mars. Da kjørte et godstog på rødt lys ved Arna stasjon og det ble av sikkerhetshensyn gjort en tvungen avsporing, som skapte skader på banens infrastruktur. To personer er siktet i saken. Det er satt inn buss for følgende strekninger: – Lokaltog i retning Voss eller Myrdal: Buss mellom Bergen og Dale. – Regiontog retning Oslo: Buss mellom Bergen og Voss. Kommunikasjonssjef i Vy, Åge-Christoffer Lundeby, melder at det kan være forsinkelser på mellom 20 og 45 minutter, og oppfordrer til å møte i god tid. – Vi forstår at det er frustrerende og anerkjenner følelsene, men ikke la det gå utover våre ansatte. De er like lite skyldig som deg som reisende for denne situasjonen, sier Christoffersen.

  • Mandag 25. mars kl. 14.21

    Mann i 20-åra må i fengsel for overgrep mot born på Snapchat

    Ein mann i 20-åra i bergensområdet er dømd i Hordaland tingrett for å ha fått barn mellom 14 og 16 år til å utføra handlingar som tilsvarar seksuell omgang med seg sjølve. Han skal også ha fått dei til å filma handlingane på Snapchat og betalt dei for dette. I tillegg er han dømd for å ha sendt bilete og video av seksuell karakter av seg sjølv til barn under 16 år. Mannen sa seg skuldig i nokre av forholda han var tiltalt for. Rettssakskunnige har funne han tilrekneleg og han må no sona i fengsel i eitt år og seks månader. Han må også betala 80.000 kroner i oppreisingserstatning til kvar av dei fire fornærma.

  • Mandag 25. mars kl. 14.19

    E16-tunnel kan bli stengd

    Ein høgdeavgrensar er påkøyrd i Tuftåstunnelen på E16 gjennom Lærdal. Vegtrafikksentralen opplyser at entreprenør er på staden og dirigerer trafikken. Tunnelen kan bli kortvarig stengd når skaden blir utbetra.

  • Lørdag 23. mars kl. 8.35

    Mistenkjer mann i 60- åra for rattfyll

    Ein mann i 60- åra blei i natt teken med til blodprøvetaking fordi politiet mistenkjer han var full bak rattet. Hendinga skjedde i Kvinnherad. Køyretøyet var avskilta og mangla mellom anna forsikring. I tillegg hadde ikkje mannen gyldig førarkort, melder Vest politidistrikt.

  • Onsdag 6. mars kl. 13.20

    Fleirtal for forbod mot overnatting i Bergen bystyre

    Byrådspartia, Bergenslisten, INP og Pensjonistpartiet sikra onsdag fleirtal i Bergen bystyre for dei nye politivedtektene for kommunen. Det inkluderer eit nytt forbod mot overnatting utandørs, noko opposisjonspartia meiner vil ramme fattige tilreisande. Opposjonen krev no lovlegheitskontroll av vedtaket.

  • Lørdag 24. februar kl. 8.31

    Brann på skole i Norheimsund - flere evakuert

    Lørdag morgen har alle nødetater rykket ut til Norheimsund i Kvam, etter melding om brann på en skole. Ifølge brannvesenet har det brent i en type tekstil på et kjøkken. Politiet skriver på X at det bor folk på skolen, som nå er evakuert. Brannvesenet melder at det har vært røykfylt på stedet, men at de har brannen under kontroll. Det er ikke meldt om personskade.